Kjerstad Bøe er ny interim klyngeleiar
Elisabet Kjerstad Bøe er ny interim klyngeleiar i Hub for Minerals.
Les intervjuet med ho om korleis ho vil gjere restmassar om til ressursar, og kvifor ho trur ein liten kommune på Vestlandet kan sitte på kunnskap og kompetanse som resten av landet treng i omstillinga.

Omfattande ringverknader
Ein fersk nærings- og ringverknadsanalyse om etableringa av Engebø Rutile and Garnet viser at prosjektet har skapt omfattande ringverknader.
Det gjeld både for næringslivet i Sunnfjord og for norsk mineralnæring som heilskap. Les rapporten her.

For første gong på over 40 år vert det starta ny mineralnæring i Noreg.
Vi utviklar eit fagleg knutepunkt for mineralnæringa, der industri, forsking og forvaltning kan arbeide saman om løysingar som står seg over tid.

Kvifor ny mineralnæring no?
Noreg står framfor ei historisk moglegheit. Behovet for kritiske mineral aukar raskt, og landet treng ein moderne, berekraftig og kunnskapsbasert mineralnæring.
Industri
Ei næring som kan skape arbeidsplassar og lokal verdiskaping
Forskning
Tilgang på kunnskap og forsking som driv fram innovasjon
Teknologiutvikling
Nye løysingar som effektiviserer og moderniserer ei tradisjonell næring.

Om Hub for Minerals
Hub for Minerals er etablert for å gi Noreg eit nasjonalt knutepunkt for kunnskap, samarbeid og utvikling innan mineralnæringa. Arbeidet vårt er forankra i forsking, samfunnsnytte og langsiktige løysingar.